Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Geoteknikarar

Norconsult Sogn og Fjordane søkjer nyutdanna og erfarne sivilingeniørar innan geoteknikk

Norconsult ASSogndal4. april 2024
Søk her

Kontaktperson

Arne Moen

Avdelingsleder Kontor

Arne.Moen@norconsult.com

Fagmiljøet geoteknikk i Norconsult består for om lag 100 tilsette i Norge, der ca. halvparten av desse er lokaliserte ved hovedkontoret vårt i Sandvika, og den andre halvparten ute ved kontora våre rundt omkring i Norge. I tillegg har vi omlag 30 geoteknikarar i Sverige og eigne feltavdelingar med boreriggar og laboratorium i Molde og Gøteborg.

Vi tilbyr komplette tenester innan geoteknikk frå moglegheitsstudie og prosjektering til oppfølging under bygging. Som geoteknikar hjå oss vil du få moglegheit til å jobbe mot spennande tverrfaglege prosjekt i både Norge og utland. Vi er stolte av eit tett samarbeid på tvers av regionar og kontorlokalitetar i Norconsult.

Norconsult har kontor i Førde, Sogndal, Årdal, Flekke, Sandane og på Nordfjordeid med omlag 80 medarbeidarar totalt. Lokalt utfører vi tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin, konstruksjon, brann, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

Lokalt samarbeider vi tett med geoteknikkmiljøet elles i Norconsult, og har stor tilgang på oppdrag innan fagfeltet. Dei geotekniske oppgåvene er i all hovudsak retta mot plan og samferdsel- , bygg- og anlegg- og industrisektoren, der vi tek oss av alle typar geotekniske problemstillingar innan veg, kontor- og næringsbygg, industribygg, hamner, bustadprosjekt, naturfare og kommunaltekniske anlegg.

Det geotekniske miljøet i Norconsult har ein stor andel seniorar som er fremst i faget i Norge, som bidreg til erfaringsutveksling og gir oss moglegheiter til å ta på oss spennande prosjekt.

Vi vil styrke geomiljøet lokalt og på Vestlandet, og søkjer deg som vil vere med på vidare oppbygging av ei brei geofagleg gruppe i regionen. I Sogn og Fjordane har vi pr. i dag geoteknikarar på Sandane og i Sogndal.

Vi søker no både nyutdanna sivilingeniørar (MSc.) og erfarne geoteknikarar til kontoret i Sogn og Fjordane.

Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Få med deg serien «Rådgiverne» der vi gir deg eit unikt innblikk i arbeidskvardagen vår: https://www.norconsult.no/radgiverne/

Vil du vite meir om korleis det er å vere ein av våre graduates? Les her: https://www.norconsult.no/jobb-og-karriere/heads-for-tomorrow---graduate/

For oss er det viktig at du:

  • Er kreativ
  • Er engasjert, positiv, initiativrik og motiverande
  • Er målretta og resultatorientert
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst
  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team
  • Har god muntleg og skriftleg framstillingsevne

Hjå oss får du:

  • Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver innan fag og prosjektleiing der du har moglegheit til å utvikle deg sjølv og kollegaene dine
  • Spennande moglegheiter for kompetanseheving og karriereutvikling innan marknad, fag, linje og oppdrag
  • Moglegheit til å bidra i selskapet si utvikling innan berekraft, digitalisering og samarbeid
  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
  • Interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement/turar, firmahytter, mm.
  • Gode lønns- og arbeidsvilkår
  • Gode aksjeprogram for eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Fadderordning og kompetanseutviklingsplan
  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
  • Fleksibel arbeidstid
  • Fri heile jule- og påskeveka
  • Sommartid med 7-timarsdag frå starten av juni til midten av august

Innsending av søknad:

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på Norconsult sine internettsider. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama. Oppgje i søknaden kva kontorstad du primært ønskjer.

Norconsult

Norconsult er eit leiande nordisk rådgjevarselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekt i privat og offentleg sektor, innan infrastruktur, energi og industri, bygg, eigedom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vikvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Med hovedkontor i Sandvika i Norge og om lag 6 000 medarbeidarar fordelt på over 130 kontor i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfagleg kompetanse med det å vere lokalt tilstades. (Tal pr. andre kvartal 2023).

For Norconsult er det ein grunnleggjande føresetnad at alle menneske er likeverdige. Målet er at medarbeidarane våre skal ha dei same moglegheitene til å nå sitt fulle potensial uavhengig av kven dei er eller korleis dei identifiserer seg. Eit breiare spekter av perspektiv er til hjelp for oss for å forstå alle deler av samfunnet, utfordrar oss i oppdraga våre og fører til høgare grad av innovasjon. Vi ønskjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.

Stillingsinfo

Frist4. april 2024
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Arne Moen

Avdelingsleder Kontor


Stillingstyper

Fast ansettelse,Privat

Industrier


Se flere stillinger fra Norconsult AS

Norconsult AS er med sine 5300 ansatte Norges største flerfaglige rådgiver rettet mot samfunnsplanlegging og prosjektering. Vi leverer tjenester nasjonalt og internasjonalt knyttet til bygg og eiendom, energi, industri, miljø, olje og gass, samferdsel, samfunnsplanlegging, sikkerhet og vann og avløp. Selskapet som er eid av de ansatte har hovedkontor i Sandvika og mer enn 96 andre kontorer i Norge og utlandet.