Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Geoteknikar

Vil du bli ein del av geoteknikar-miljøet i Statens vegvesen og bidra til sikre vegar?

Statens vegvesenFlere lokasjoner30. november 2023
Søk her

Kontaktperson

Viggo Aronsen

Leiar

+47 123 45 678

Nøkkelord

geoteknikk, prosjekt, byggherre, skredsikring

Er du den vi ser etter?

Som geoteknikar legg du grunnlaget for ein veg som kan vare. Du er ein heilt sentral del av alle vegprosjekt og får jobbe heilskapleg saman med dyktige fagfolk for å finne dei beste løysingane. Når fagkunnskapen din er med på å sikre både tryggje grunnforhold og ei effektiv trafikkavvikling, då lykkast du i Statens vegvesen. Kvardagen er ei god blanding av kontorarbeid og synfaring i terrenget.

Vi søkjer geoteknikar i Bergen, Stavanger Drammen og Lillehammer. Oslo kan også vere aktuelt.

Geofag er del av Fagressursavdelinga i Drift og vedlikehalds divisjonen. Vi er landsdekkjande med 38 medarbeidarar fordelte på 12 kontorstader. Les meir om å jobbe i Statens vegvesen og Drift og vedlikehald her.

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegging og oppfølging av grunnboring i felt, geoteknisk saksbehandling, prosjektering og vurdering knytt til vegar, tunnelar og bruer – både i plan-, utførings- og spesielt driftsfasen.
  • Vurderingar i samband med forvaltningssaker og etter kvart hovudinspeksjonar av geotekniske objekt vil også vere relevante arbeidsoppgåver.
  • Kartlegging av skredområde og planlegging av skredsikringstiltak. Også akuttoppdrag i samband med alle typar skrei. Naturfarekartlegging og handtering.
  • Delta i utviklingsarbeid innan fagområdet. Faggruppa geoteknikk består av 28 geoteknikarar (mange med lang erfaring) som møtes jamleg, og utgjer ein god arena for faglege diskusjonar og utvikling. Teknologi og digitalisering er sentrale tema.

Reiseaktivitet må reknast med.

Våre fagfelt på geoseksjonen er:

Ingeniørgeologi, geoteknikk, skred, hydrologi, vegteknologi og DAK/teikning. Dei geografiske einingane er hovudoppdragsgivarane våre. I tillegg til tradisjonelt fag-arbeid er hovudinspeksjonar (berg og bergsikring i tunnel og bergskjeringar) og vurderingar i samband med Forvaltningssaker viktige oppgåver for seksjonen.

Seksjonen har også ansvar og bemanning av Nasjonal skred- og flaumberedskap/skredhandtering. Seksjonen har oppgåver innan heile livsløpet til vegen; planlegging, prosjektering, byggjefase og spesielt fokus i driftsfasen. Du vil bli ein del av eit dyktig, inkluderande og positivt fagmiljø.

Kompetansekrav

Du har minimum 3 årig høgare utdanning innan relevante fagfelt for nordiske grunnforhold. Viss du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.

Ønske om erfaring og interesse:

  • innan geoteknisk arbeid, skred, GIS/DAK, Geosuite og drone.
  • for digitalisering/digitale verktøy og nye måtar å løyse kjende problemstillingar på.
  • digital samhandling i vegmodell (BIM/3D)

Det krevst førarkort klasse B, og det er ein fordel med klasse BE. Du må ha gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

For godt kvalifiserte søkjarar kan andre lokasjonar vere aktuelt der Statens vegvesen er representert.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenninga dine frå HKDIR (https: hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Dette vil vi også leggje vekt på:

  • erfaring innan drone
  • interesse for digitalisering/digitale verktøy og nye måtar å løyse kjende problemstillingar på
  • evne til å ta initiativ og finne løysingar i stadig nye situasjonar
  • evne og vilje til å samarbeid
  • evne og vilje til å dele/presentere og ta imot kunnskap og erfaring

Les dette før du søkjer!

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt leiar Viggo Aronsen tlf. +47 123 45 678

Stillingsinfo

Frist30. november 2023
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Viggo Aronsen

Leiar


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.