Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Geoteknikar

Me treng geoteknikarar for å realisera nye prosjekt i Divisjon Utbygging!

Statens vegvesenFlere lokasjoner6. november 2024
Søk her

Kontaktperson

Roar Øvre

Seksjonsleiar

roar.ovre@vegvesen.no

Statens vegvesen er blant Noregs største byggherrar. Me har ansvar for nokre av dei største og mest komplekse samferdselsprosjekta i landet. Oppgåva vår er å sørgja for at me utviklar samfunnet vårt gjennom å skapa trygge, effektive og berekraftige transportløysingar som får folk og varer fram. Då treng me flinke folk.

Stillinga som geoteknikar høyrer heime i Geofagseksjonen i Divisjon Utbygging. Som geoteknikar i Statens vegvesen vil du få eit unikt høve til å følgja store utbyggingsprosjekt gjennom fleire fasar.

Du vil få ansvar for at prosjekt blir planlagde, utførte og kontrollerte i samsvar med gjeldande standardar og retningslinjer innan fagområdet. Du planlegg, følgjer opp og rapporterer grunnundersøkingar. Du utfører geoteknisk planlegging og prosjektering.

Avklaring av skredfare og planlegging av sikringstiltak mot jord-/kvikkleire-/flaumskred vil vera relevante oppgåver i ein del prosjekt. Gjennom deltaking i tverrfaglege prosjektgrupper følgjer du opp og kvalitetsikrer leveransar frå eksterne konsulentfirma, hjelper til i kontroll av utføringa til entreprenørane og er fagleg rådgivar for prosjektleiinga.

Geoteknikargruppa til seksjonen sit spreidd, men møtest jamleg og er ein god arena for fagleg diskusjon og utvikling. Me speler kvarandre gode fagleg, legg vekt på at me skal trivast på jobben saman, og ikkje minst at det skal vera plass til meir i livet enn jobb. Me jobbar med prosjekt over heile landet og kan tilby ulike arbeidsstader.

Mest aktuelle arbeidsstader no er Stavanger, Bergen eller Leikanger, men for den rette kandidaten kan andre lokasjonar vera moglege.

Reiseaktivitet må påreknast. Me har 2 ledige stillingar.

Kompetansekrav

Primært ønskes utdanning som master/sivilingeniør innan geoteknikk for nordiske grunnforhold.

Utdanning på tilsvarande nivå innan t.d. hydrogeologi eller ingeniørgeologi vil også kunna komma i betraktning. Du må i tilfelle vera interessert i og villig til å gå gjennom tilleggsopplæring innan geoteknikk.

Har du høgskule-/bachelorbakgrunn, må du ha god forståing og allsidig erfaring innan geoteknisk planlegging/ prosjektering.

Gode datakunnskapar og erfaring med Geosuite programvare og/eller endeleg elementsmetode programvare er ønskjeleg.

Du har gjerne erfaring/kompetanse innan planlegging/prosjektering av veg, og erfaring frå bruk av BIM/3d for faget og digital samhandling i vegmodell er ein fordel.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde

  • Du er sjølvstendig og har ei praktisk og strukturert tilnærming til oppgåveløysinga
  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og ønskjer å bidra til eit godt fag- og arbeidsmiljø
  • Du er analytisk og ryddig, og evner å ta ansvar for oppgåver og prosessar
  • Du har god framstillingsevne på norsk, skriftleg og munnleg

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Ta kontakt med seksjonsleiar Roar Øvre på mobil: +47 480 55 050 eller e-post: roar.ovre@vegvesen.no

Stillingsinfo

Frist6. november 2024

Kontaktperson


Stillingstyper

Fast ansettelse,Offentlig

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.