Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Felt- og laboratoriemedarbeider

Trivst du ute på vegen og har god forståing for tekniske oppgåver?

Statens vegvesenBergen17. mars 2024
Søk her

Kontaktperson

Wenche Hovin

Leiar

+47 415 62 157

Vi søkjer etter ein lab- og feltmedarbeidar ved laboratoriet vårt i Bergen, for eitt engasjement i 100 % stilling frå snarast og ut året med moglegheit for forlenging Du må kunne bidra innan dei fleste av arbeidsoppgåvene til laboratoriet. Det vil bli gitt opplæring internt.

Arbeidsoppgåver:

  • hovudsakleg betongkontroll, testing av steinmateriale i laboratoriet og kontroll av holrom med georadar montert på bil. Men også all anna prøvetaking, laboratorietesting, feltundersøkingar innan våre fagområde, geoteknikk, asfalt, stein og betong, ved behov og høve. Og dessutan generell driftsoppgåver ved laboratoriet.
  • registrering, tolking og rapportering av måledata
  • halde ved like, kalibrering og kontroll av utstyr
  • bruk av IKT-verktøy er ein sentral del av arbeidskvardagen.

Det må påreknast ein del reising og kvelds- og nattarbeid, spesielt i asfaltsesongen.

Då Statens vegvesen er under endring, forventar vi at du har ei fleksibel og løysingsorientert haldning til eventuelle endringar både i oppgåver og ansvar.

Stillinga er plassert i Labororatorium midt som er ein del av ein landsdekkjande Laboratorieseksjon med fleire laboratorium, underlagt avdelinga for Fagressurser i Divisjon Drift og Vedlikehold. Per no har seksjonen omtrent 45 stillingar fordelte på 9 lokasjonar.

Aktiviteten til laboratoria omfattar først og fremst testing av asfalt, steinmateriale, betong og geotekniske grunnprøver. I felt blir betongkontroll utført, asfaltkontroll, prøvetaking av vegbyggingsmateriale, komprimeringskontroll med platebelastning, bereevnemålingar med falllodd og undersøkingar med georadar. Seksjonen hjelper byggherre med kvalitetsoppfølging i byggjekontraktar, vi sikrar vår eiga fagleg utvikling og jobbar med FoU-prosjekt som skal bidra til at norsk vegbygging, drift og vedlikehald utviklar seg i rett retning.

Kompetansekrav

Vi ser etter deg som har minimum fagbrev innan eitt relevant fag. God arbeidserfaring innan dei aktuelle arbeidsoppgåvene er ein fordel og kan vege opp for manglande formell utdanning.

Det krevst førarkort klasse B.

Det er ein fordel med klasse BE og C, og ein føresetnad at kandidaten er villig til ta førarkort for klasse BE innan kort tid.

Godt norsk språk og forståeleg engelsk - både skriftleg og munnleg, er ein føresetnad.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Vi legg vekt på at du trivst med arbeid ute på veg og ha tolmod med rutineprega arbeidsoppgåver. Samtidig må du ha lett for å setje deg inn i nye tekniske oppgåver, inkludert bruk av PC-programvare. Rett haldning til HMS er ein føresetnad. Nødvendige HMS-kurs og anna nødvendig opplæring vil bli gitt. Du må vere fleksibel i forhold til tenestereiser. Det er ein fordel om du er strukturert, nøyaktig, kvalitetsmedvite og sjølvstendig. Du må takle skifta arbeidsoppgåver og hektiske arbeidsperiodar.

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt leiar Wenche Hovin, tlf. +47 415 62 157

Stillingsinfo

Frist17. mars 2024
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Wenche Hovin

Leiar


Stillingstyper

Engasjement,Offentlig

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.