Drifts- og serviceteknikar - Brannteknisk ansvarleg
Forstår du viktigheita av god sjukehusdrift?
Kontaktpersoner
Nøkkelord
Ingeniør med fagbrev og ønskjer å bidra til et positivt arbeidsmiljø?
Då vil vi gjerne ha søknaden din på vår ledige stilling som brannteknisk ansvarleg.
Teknisk drift ved Førde sentralsjukehus har i dag 17 engasjerte kollegaer med høg fagleg kompetanse.
Vi har ansvaret for energieffektiv og miljøvennleg drift, vedlikehald av bygningsmassen, tekniske anlegg og teknisk infrastruktur, totalt cirka 100 000 m2. Driftsavdelinga gir også støtte ved gjennomføring av byggeprosjekt, enten som nybygg eller som tiltak i eksisterande bygningar.
I komande år vil utvikling av drifta fortsetje, med fokus på teknisk vedlikehald og utvikling av porteføljen vår. I desse dagar har vi overtatt eit nytt somatisk bygg med moderne og avansert teknologi. Dette stiller høge krav til vår avdeling med omsyn til organisering, planlegging og høg kompetanse.
Arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar for drift av brann, nød- og ledelys, adgangskontroll og overvakingsanlegg.
- Utvikle og planlegge alarmsystem ved sjukehusa i Helse Førde.
- Overhalding av gitte krav og at prosedyrer og rutiner blir fulgt opp
- Rapportering og rapportbehandling
- Utvikling av metode og kompetanseoppbygging innanfor ansvarsområdet
- Oppfølging av rammeavtaler innanfor nemde fagfelt
- Delta på vernerundane ved Førde sentralsjukehus sine bygg
- Sakshandsaming relatert til fagområdet.
Kvalifikasjonar
- Utdanningsretning: Elektro/automasjon
- Utdanningsnivå: Ingeniør/Fagbrev Elektro/automasjon
- Systematisk, strukturert og effektiv (analytisk).
- God kjennskap til drift- og vedlikehaldssystem
- Sikkerheitsfilosofi er eit nøkkelord for stillinga.
- Det er nødvendig at kandidaten har meget god IT-kompetanse
- Relevant praksis vil kunne kompensere for manglande utdanning
- Førerkort klasse B
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Samarbeidsorientert og omgjengeleg
- Resultat- og målorientert
- God arbeidskapasitet - kunne ta et tak ved høve
- Strukturert og målretta
- Vere sjølvstendig, men samstundes kunne arbeide i team og i prosjektgrupper
- Kunne tileigne seg ny kunnskap innan drift og vedlikehald
Brukargruppa har stort mangfald som best blir møtt med respekt og glimt i auget. Vi ønskjer oss ein kollega med gode samarbeidsevner, og som er sosial og omgjengelig. Du må være open for andre sine meningar, erfaringar og kompetanse, og kunne dele av din kunnskap.
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Eit fagmiljø med moglegheit for nye utfordringar og stimulans til vidare eigenutviking
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Felksibel arbeidstidsordning
- Hjelp med bustad/husvære
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.