Fristen for annonsen har gått ut

Domenearkitekter

Vil du bidra til tryggare vegar med framtidas teknologi?

Statens vegvesenFleire lokasjonar6. oktober 2024
Søk her

Kontaktperson

Frode Dokken Juul

Seksjonssjef

+47 480 16 905

Vi treng fleire domenearkitektar

Blir du motivert av å ha ein samfunnsnyttig jobb? Framtidas teknologi er avgjerande for å nå samfunnsoppdraget vårt om færre drepne på norske vegar. Som domenearkitekt har du ei viktig rolle i å gjere Statens vegvesen betre i stand til å levere på satsingsområda framkome, berekraft og trafikktryggleik. Du vil ha ei sentral rolle gjennom IT-divisjonen sine arkitekturleveransar, i samarbeid med fagavdelingane. Som arkitekt hjå oss jobbar du i eit spennande og tverrfagleg kompetansemiljø, der vi legg vekt på aktiv deling av kunnskap. Du vil møte ein uformell tone, stor takhøgd og gode moglegheiter til å utvikle deg både fagleg og personleg.

Kontorstad vil vere Drammen, Trondheim, Bergen eller Moss.

Arbeidsoppgåver og ansvar:

Som domenearkitekt hjå oss vil du vere sentral i å forme IT-arkitekturen, målbilete og vegkart for eitt av våre domene (område). Du vil bidra til at arkitekturen er heilskapleg på tvers av domene og verdikjeder. Du vil samarbeide tett med både fagsida og teknologane, og sørgje for god dialog og samhandling rundt arkitektur, teknologi og løysingar. Rollen gir deg også moglegheit til å delta i spennande prosjekt og smidige team, der du vil bidra til å identifisere dei beste løysingane gjennom å vurdere alternativ, utforme overordna design og støtte opp om krav. I tillegg vil du vere med på å drive fram beste praksis innan IT-arkitektur og bidra til å fremje innovasjon gjennom teknologi.

Kompetansekrav

Vi ser etter deg som har minst tre års relevant høgare utdanning. Om du har brei erfaring innan feltet, kan dette kompensere for formell utdanning. Du bør ha fleire års erfaring med arkitekturarbeid, brei teknisk kompetanse og interesse for korleis teknologi kan bidra til å løyse forretningsbehov. Erfaring med smidige arbeidsmetodar er ein fordel. Du bør vere komfortabel med å uttrykkje deg godt både munnleg og skriftleg på norsk, og like å jobbe i team.

Vi søker deg som, i likskap med oss, er opptatt av å setje kunden i sentrum.

For å lukkast i rolla som domenearkitekt er det viktig at du er engasjert, framoverlent og komfortabel i rolla som teknisk leiar. I tillegg trur vi at du har eit godt blikk for verdikjeder. Du trivst med å formidle bodskap og komplekse problemstillingar på ein god måte til ulike målgrupper.

Vi oppmodar kvinner til å søkje hjå oss i Statens vegvesen.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • Spennande arbeidsoppgåver og gode utviklingsmoglegheiter i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Gode kollegaer som etterlever verdiane våre: profesjonelle, framtidsretta og inkluderande
  • Opplæring, introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksibel arbeidstid og gode ordningar for avspasering
  • Moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • Moglegheiter for heimekontor
  • God pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Synest du dette høyrest spennande ut? Kontakt seksjonssjef Frode Dokken Juul, tlf. 480 16 905, for ein hyggeleg prat og meir informasjon.

Stillingsinfo

Frist6. oktober 2024
Arbeidsspråkno

Kontaktperson

Frode Dokken Juul

Seksjonssjef


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.