Fristen for annonsen har gått ut

Domene-/løysingsarkitekt

Vil du vera med på å setja retning for digitalisering på norske vegar?

Statens vegvesenDrammen3. mai 2024
Søk her

Kontaktperson

Frode Dokken Juul

Seksjonssjef

+47 480 16 905

Motiveres du av å ha ein samfunnsnyttig jobb?

Teknologien i framtida er avgjerande for å nå samfunnsoppdraget vårt om færre drepne på norske vegar. Som domenearkitekt/løysingsarkitekt har du ei viktig rolle med å gjera Statens vegvesen betre i stand til å levera på satsingsområda framkomme, berekraft og trafikktryggleik. Du har ei sentral rolle gjennom arkitekturleveransane til IT-divisjonen, i samarbeid med fagavdelingane. Som arkitekt hos oss jobbar du i eit spennande og tverrfagleg kompetansemiljø, der me vektlegg aktiv kunnskapsdeling. Du vil møta ein uformell tone, stor takhøgd og eit godt høve til å utvikla deg både fagleg og personleg. Kontorstad vil vera Drammen, Bergen eller Moss. Oppgi kva kontorstad du søkjer deg til i søknaden din.

Arbeidsoppgåver

Som domenearkitekt/løysingsarkitekt hos oss vil du

  • vera ansvarleg for IT-arkitekturen, målbilete og vegkart for domenet, i tråd med strategi og forretningsbehov
  • vera ansvarleg for arkitekturstyring og driva arkitekturen i domenet, og dessutan koordinera på tvers av verdikjeder
  • bidra inn i smidige og tverrfaglege team med å forma ut løysingsarkitekturar etter brukarbehov, arkitekturprinsipp og standardar
  • støtta utviklarar/techlead i produktteam og prosjekt
  • bidra og utfordra i utviklinga av beste praksis innan IT-arkitektur
  • støtta prosjekt med sentrale leveransar, spesielt knytt til å identifisera og avvega alternativ, design og spesifikasjon
  • vera rådgivar og bindeledd mellom produkteigarar, utviklarar, forvaltarar, driftspersonell og andre arkitektar

Kvalifikasjonar

  • Min. tre års relevant høgare utdanning. Omfattande og relevant erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning.
  • Fleire års erfaring frå arbeid med å driva arkitekturarbeid.
  • God arkitekturforståing og kunnskap korleis ulike tenester og applikasjonar fungerer i samspel.
  • Brei teknisk kompetanse og god forretningsforståing.
  • Generell brei kunnskap og erfaring med utviklingsspråk/-rammeverk, konteinarteknologi, databasar og modelleringsverktøy.
  • Erfaring med følgjande områda er ein fordel; smidige arbeidsformer, offentleg og/eller privat skyteneste, tryggleik og autentiseringsstandardar (OAUTH2 og OIDC), API-er og integrasjonar, hendingsorientert arkitektur og tenestedesign.

Arbeidsoppgåvene krev god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Me søkjer deg som

til liks med oss, er opptekne av å setja kunden i sentrum. For å lykkast i rolla som domenearkitekt/løysingsarkitekt er det viktig at du er engasjert, framoverlent og komfortabel i rolla som teknisk leiar. I tillegg trur me at du har eit godt blikk for verdikjeder. Du trivst med å formidla bodskap og komplekse problemstillingar på ein god måte til ulike målgrupper.

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar. ppgi kva kontorstad du søkjer deg til i søknaden din.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Stillingsinfo

Frist3. mai 2024
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Frode Dokken Juul

Seksjonssjef


Stillingstyper

Fast ansettelse,Offentlig

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.