Fristen for annonsen har gått ut
CTO
Vil du vere med og løfte nordfjordkommunane sitt digitale tenestetilbod?
Kontaktperson
Vi har ledig fast stilling (100%) som CTO i IKT Nordfjord, eining Nordfjordnett, med tilsetjing så snart som mogleg.
Som CTO skal du ha god oversikt over den operative drifta hos Nordfjordnett, i dette arbeidet jobbar du tett med Teamleder for Infrastruktur og Teamleder for Server og Appliksjon samt brukarstøtte.
Du kan finne vår tenestekatalog på vår heimeside www.nordfjordnett.no.
Kommunane Bremanger, Gloppen, Kinn, Stad og Stryn samarbeider om utvikling og drift av digitale tenester. Samarbeidet omfattar driftseininga Nordfjordnett som er lokalisert i Måløy og Strategisk eining som er lokalisert på Nordfjordeid. Samarbeidet er organisert som eit oppgåvefellesskap med eige styre og representantskap.
IKT Nordfjord skal legge til rette for digitalisering i samarbeidskommunane- saman med kommunane. IKT Nordfjord sitt overordna mål er å tilby eit heilskapleg digitalt tilbod til brukarar, tilsette og innbyggarar gjennom tenleg bruk av tidsrette løysingar og verktøy.
Det er eit tett samarbeid mellom dei to einingane for å sikre heilskaplege og trygge tenester på alle nivå innan digitalisering og utvikling. IKT Nordfjord som tenesteytar skal vere oppdatert på felleskomponentane og leverandørmarknaden og er kommunane sin rådgjevar innanfor digitalisering og informasjonstryggleik. IKT Nordfjord er kontraktspart, driv porteføljestyring og er budsjettansvarlege for fagsystem og applikasjonar i samarbeidet.
Vi ser etter deg som evner å se det store bildet, er analytisk, selvgående og handlingsorientert. Du har en inngående teknisk forståelse og evner å formidle avanserte konsepter og ideer.
Stillinga er lokalisert i Måløy saman med driftseininga. Kinn kommune vil ha det formelle arbeidsgjevaransvaret. Alternativ arbeidsplass kan avtalast ved nærmare avtale.
Arbeidsoppgåver
- Fakturabehandling, budsjettarbeid med meir
- Prosjektleiing, prosjektdeltaking og generell prosjektstøtte/-rådgjeving
- Leverandøroppfølging- avtaleforvalting og oppfølging av leveransar
- Vere oppdatert på dagens og framtidas løysingar og teknologitrendar
- Delegerte oppgåver etter nærare avtale med dagleg leiar
- Definere, utvikle og implementere selskapets tekniske strategiplan sammen med ledergruppen
- Være med å utarbeide, forankre og implementere interne systemarkitektur
Kvalifikasjonar
- Du har relevant høgare utdanning. Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
- Du har god digital forståing og forståing for samanhengen mellom teknologi, organisasjon og menneske
- Du har god organisasjons- og systemforståing
- Du har erfaring med strategisk arbeid og prosjektarbeid
- Du har god muntlig og skriftleg formidlingsevne
- Du har god erfaring knytt til dialog og oppfølging av leverandørar
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til å skape tillit, skape relasjonar og få til samarbeid
- Strukturert og målretta i arbeidet
- Resultatorientert og tolmodig
- Initiativrik, sjølvstendig og motiverande
- God konseptuell forståelse
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- God pensjonsordning
- Intern opplæring og fagøkter
- Engasjerte kollegaer og eit godt fagmiljø
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.131 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.