Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Byggjeleiar elektro

Vær med på å sikre Vegsikkerheten i Sogn og Fjordane

Statens vegvesen Leikanger8. oktober 2023
Søk her

Kontaktperson

Per Ove Fossheim

Seksjonsleiar

per.ove.fossheim@vegvesen.no

Om stillinga

Vi søkjer deg som vil bli vår nye byggjeleiar for elektrokontrakten E9354 Fjordane!

Du vil få ansvar for drift og oppfølging av elektrodriftskontrakt for Fjordane og delar av Sogn og vil få tett oppfølging av elektrodriftsentreprenør. Dei fleste oppgåvene dine vil vere knytt til drift av kontrakten, men du vil og få gode moglegheiter til å utfordre deg sjølv på oppgåver du ikkje har prøvd før. Du vil blant anna få ansvar for elektrotekniske anlegg på våre riks- og europavegar nord for Sognefjorden til møtegrense.

Aktuell kontorstad vil vere Leikanger, Førde eller Nordfjordeid. Stillinga er i seksjon Drift Vest 2, som i dag har 17 tilsette, fordelt på kontorstadar på dei same stadene.

Arbeidsoppgåver

Som byggeleiar vil du arbeide tett saman med byggeleiar, kontrollingeniør og prosjektleiar, og du vil vere i dagleg kontakt med offentlege etatar, grunneigarar og andre som må kontaktast i samband med våre anleggsarbeid rundt om på vegnettet vårt.

I tillegg til vanlege byggeleiaroppgåver vil dei største oppgåvene vere:

  • drifte og vedlikehalde tunnelane med alle styresystem av bommer, ventilasjon, nødsystem og andre systemer
  • følge opp Statens vegvesens FDV-system Plania slik at rutine oppgåver og korrektive ordrar blir utført innan tidsfrist
  • følge opp kontrollingeniør elektro
  • samarbeide med byggeleder for driftskontrakt veg
  • utarbeide konkurransegrunnlag
  • følge opp rammeavtaler

I tillegg kan du bli involvert i vedlikehaldsoppgåver, utbyggingar, delta på anslag osv.

Reiseverksemd og kvelds- og nattarbeid i periodar, må påreknas. Såleis må du ha førarkort klasse B.

Kompetansekrav

Du må ha relevant utdanning innan elektro/automasjon frå universitet eller høgskole, min, 3 år. Fagbrev eller teknisk fagskole innan automasjon/elektro ol. er ein fordel. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, relevant fagbrev, eventuelt etterutdanning og gode personlege forutsetningar for stillinga, kan kravet til utdanning vurderast fråviket.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, anbefaler vi ein autorisert oversetjing av dine papir og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no)

Vi ynskjer at du har:

  • erfaring frå arbeider med elektriske installasjonar i tunnelar.
  • god kjennskap til forskrifter, normer og regelverk innan elektrofaget
  • erfaring med veglysanlegg
  • erfaring med drift av TCP/IP nettverk
  • systemforståelse av automasjonsnettverk
  • erfaring med PLS system
  • erfaring med SCADA/OPC system
  • erfaring frå byggeleiing

Vi ser etter deg som:

  • er god på kommunikasjon og samhandling med andre
  • er fleksibel og kan jobbe i eit travelt miljø
  • kan arbeide strukturert og sjølvstendig
  • har evne til å ta initiativ og vere resultatorientert
  • har gode IT-ferdigheiter
  • er god munnleg og skriftleg

Les dette før du søkjer!

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsløysingane på ditt fagfelt. Me gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikla deg, både fagleg og personleg, i takt med dei nye utfordringane i samfunnet. Me tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Me tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Din lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ønskjer å vera ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Me har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunnar, erfaringar, kompetansar og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Me oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil me kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ønskjer å reservera deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngivast. Viss me ikkje kan ta ønsket ditt til følgje, tek me kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Ta kontakt med seksjonsleiar Per Ove Fossheim, e-post per.ove.fossheim@vegvesen.no eller mobil +47 975 70 583.

Stillingsinfo

Frist8. oktober 2023
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Per Ove Fossheim

Seksjonsleiar


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.