Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Byggherrestøtte

Vil du vere ein del av teamet vårt?

Statens vegvesenMolde3. mars 2024
Søk her

Kontaktperson

Bjørn Ove Rotlid

Leiar

+47 982 10 956

Vi har ledig stilling som byggherrestøtte med kontorstad Molde. Stillinga er knytt til seksjon Drift midt i avdeling Drift og vedlikehald midt. Seksjonen har ansvar for om lag 1200 km Europa- og riksveg og 53 tunnelar i Møre og Romsdal og Trøndelag.

Som byggherrestøtte skal du hjelpe seksjonen med: 

  • kontraktsoppfølging, prosjektoppfølging og styringsinformasjon 
  • økonomirelaterte oppgåver, rapportering, ajourhald av ISY prosjektøkonomi og internkontroll
  • administrative oppgåver, Elrapp og Plania, gjennomføring av møte og referatføre desse
  •  saksbehandling

Kompetansekrav

Du må ha relevant utdanning på høgskule eller universitet, minimum 3 år innan økonomi.

Vi føreset at du har svært god framstillingsevne på norsk, både skriftleg og munnleg, og dessutan solid digital kompetanse.

Personlege eigenskapar blir vektlagde og vi ser etter deg som har blikk for detaljar, men og evnar å sjå desse i ein større samanheng. Du må vere strukturert og sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner slik at du bidreg til å finne gode løysingar i tett samarbeid med interne og eksterne aktørar. Å jobbe i team må du trivst godt med i ein arbeidskvardag der det er korte fristar og høgt arbeidstempo i periodar.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt leiar Bjørn Ove Rotlid, tlf. +47 982 10 956

Stillingsinfo

Frist3. mars 2024
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Bjørn Ove Rotlid

Leiar


Stillingstyper

Fast ansettelse,Offentlig

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.