Byggeleiar
Er du opptekne av å ta vare på det me har? Me ser etter byggeleiar!
Kontaktperson
Som ein del av oss i Statens vegvesen vil du delta i arbeidet med nullvisjonen - null hardt skadde og drepte i trafikken. Dette har vi med oss på jobb kvar dag - og gjer arbeidet vårt meiningsfullt.
Me står framfor ei spennande tid med mange tiltak for utbetring av riksvegnettet vårt - for å betra mellom anna trafikktryggleik og framkomst. Vi ser etter deg som ønskjer ein variert kvardag med utfordringar og problemstillingar på ulikt detaljnivå.
Hos oss vil du bli ein del av ein hyggjeleg og kunnskapsrik gjeng - og du vil arbeida tett saman med kontrollingeniørar og prosjektleiarar. Som byggjeleiar vil du mellom anna arbeide med bygging av bruer, skredsikring, tiltak for trafikktryggleik og framkomst, kollektivtiltak og bygging av ny vei. Du vil bli involvert i fleire av desse, både i planleggings-, prosjekterings- og byggefase.
Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere:
- følge opp kontrakt med entreprenør og ha daglig dialog
- styre byggemøte, skrive referat og være ute på anleggsplassen
- utarbeide konkurransegrunnlag og planer for nye prosjekt
- utarbeide kostnadsoverslag for prosjekt, både i plan- og byggefase
- rapportere og følge opp økonomi, kvalitet og framdrift
- delta aktivt i HMS-arbeidet
- bidra med anleggskompetanse inn i prosjekt i plan- og prosjekteringsfase
Kontorstaden for stillingane er enten Nordfjordeid, Leikanger eller ev. Førde.
Kompetansekrav
Du har minimum treårig og relevant ingeniørutdanning på universitets- eller høgskulenivå. Det er eit ynskje at du har brei og god erfaring med bygg- og anleggsarbeid, gjerne vegbygging, betong og konstruksjon. Det er også naudsynt at du har førarkort klasse B og du må rekne med noko reiseverksemd innanfor området vårt. Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
Omfattande og relevant erfaring innafor de aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.
For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuelt etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning vurderast fråviket.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Vi ser for oss at:
- du har interesse for og engasjement innan bygging og vedlikehold av veg - for det er dette me driv med kvar dag
- du har interesse og engasjement for bruk av digitale arbeidsverktøy - som vil bli ein viktig del av arbeidskvardagen
- du er sjølvstendig og har stor gjennomføringskraft - for det er viktig å kunna ta gode avgjerder utan unødig opphald
- du samarbeider godt med andre - for her vil du møta på tverrfagleg samarbeid og ulike menneske, med ulik kompetanse
- du tar initiativ og er løsningsorientert - for me kan alltid forbetra og utvikla oss
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt seksjonssjef Tone Anette Espe på telefon +47 959 48 075
Stillingsinfo
Kontaktperson
Stillingstyper
Industrier
Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.
Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.
Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.