Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Brannvernleiar

Statens vegvesenMolde og/eller Ålesund30. april 2023
Søk her

Kontaktperson

Bjørn Ove Rotlid

Leder

bjorn.ove.rotlid@vegvesen.no

Vil du jobba med å ta vare på brannvernet for tunnelane våre i område Møre og Romsdal og Trøndelag?

Vi søkjer brannvernleiar og ser etter deg som raskt kan setje deg inn i komplekse spørsmål, tek rasjonelle vurderingar, handlar på eiga initiativ og tek ansvar for resultatet. Du er ikkje i tvil om at du gjer ein viktig jobb med stor samfunnsmessig betydning.

Du vil få ansvar for ein portefølje særskilde brannobjekt jf. Brann og eksplosjonsvernloven. Tunnelane er ulike i lengd, trafikkmengd og teknisk utstyr og det vil bli fleire brannobjekt framover når desse blir oppgraderte. Sikkerheit i tunnelar har fått meir merksemd og er godt regulert gjennom regelverket noko som krev at Statens vegvesen har god kontroll på tilstanden.

For meir informasjon se vår Handbok R511 "Sikkerhetsforvaltning av vegtunnelar"

Som brannvernleiar må du:

  • ha kunnskap om lovar og forskriftar
  • kontrollere at det blir drive jevnleg ettersyn/inspeksjon og vedlikehald av installasjonar, teknisk utstyr mm.
  • kontrollere at det blir utført jevnlege kontrollar i samsvar med eigenkontroll i den branntekniske dokumentasjonen
  • kontrollera at drifta og organiseringa av tunnelane alltid er i samsvar med kapittel 2 i "Forskriften om brannførebygging".
  • delta på brannetatane sine tilsyn, stå for korrespondanse med brannetatane og utbetre pålegg gitt av styresmaktene
  • halde øvingsplan ajour
  • ha ansvar for at det blir planlagd og gjennomført beredskapsøvingar med rapportering i etterkant
  • sjå til at vedlikehaldsarbeid og bygningsmessige endringar blir utførte i tråd med gjeldsande lovar og forskriftar og dessutan interne krav i Statens vegvesen
  • i samråd med tunnelforvaltaren sørgja for bestilling av nødvendig arbeid/utstyr
  • oppdatera beredskapsplanar og gjera desse kjent for alle involverte

Stillinga er plassert i divisjon Drift og vedlikehald og seksjon Drift midt. Vi har ansvar for drift av omlag 1200 km europa og riksveg med 53 tunnelar. Kontorstad for stillinga er Molde eller Ålesund.

Kompetansekrav

Vi ser etter deg som har minimum 3-årig utdanning frå universitet eller høgskule innan relevante fag som tunnel, veg, sikkerheit, beredskap, risikostyring eller brannfag. Har du omfattande og relevant erfaring og gode personlege føresetnadar kan vi vurdera å sjå bort frå kravet til utdanning.

Du må ha førarkort kl. B

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi legg vekt på personlege eigenskapar og vil at du har gode samarbeidsevnar og samhandlar godt med både interne og eksterne aktørar. Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø, er sjølstendig, strukturert og fleksibel. Den digitale kompetanse din og framstillingsevne munnleg og skriftleg er god.

Les dette før du søker!

Fyll inn søknadsskjemaet nøyaktig!

På grunn av krava til utvida søkarlister må felta for utdanning og erfaring fyllast ut. Det er ikkje tilstrekkeleg å kun legge ved CV. Legg også ved relevante vitnemål og attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald gjer at vi blir betre på å løyse oppgåvene våre. Vi ønskjer fleire medarbeidarar med nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn og hol i CVen, så om du kan krysse av for dette i jobbsøkarportalen, oppfordrar vi deg til å gjere det. Får du jobben, vil vi naturligvis legge til rette for deg om du treng det. Avkryssingane vert kun brukt til å syte for at vi vel ut dei rette kandidatane, i tillegg til anonymisert statistikk. Les dette før du krysser av

Søkarlista er offentlig

Openheit og gjennomsiktigheit i forvaltninga er viktig, difor vil alle som søker hjå oss bli sette på den offentlege søkarlista om dei ikkje oppgir ein god grunnfor fritak. Har du bedt om å ikkje bli sett på lista, tek vi kontakt med deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt leiar Bjørn Ove Rotlid, tlf. 98210956

Vi tilbyr

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtida sine løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med våre nye utfordringar.

Vi tilbyr deg også desse godene:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til lån i Statens pensjonskasse
  • gode høve for fagleg påfyll

Løna di vert avtalt i samsvar med vår lønnspolitikk.

Stillingsinfo

Frist30. april 2023
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Bjørn Ove Rotlid

Leder


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.