Tekjobb
Ny i dag

Avdelingsleiar vatn og avløp

Bli med på laget som sikrar reint vatn i Sogndal

Sogndal kommuneSogndal23. mars 2025
Søk her

Kontaktperson

Torgeir Bang

Avdelingsleiar

+47 900 21 120

Nøkkelord

VannAvløpAvdelingslederIngeniør

Vil du jobbe med berekraftige løysingar og ha ein jobb som verkeleg betyr noko?

Me i Sogndal kommune søkjer ein engasjert og dyktig avdelingsleiar for vatn og avløp. Dette er ein unik moglegheit til å påverke framtidas infrastruktur og miljøløysingar i regionen vår.

Du får ei sentral rolle i kommunen sitt arbeid med berekraftige og framtidsretta løysingar for vassforsyning og avløp.

Kven ser me etter?

Me trur du har følgjande kompetanse og erfaring:

  • Ingeniørutdanning, gjerne innan vatn- og avløpsteknikk, bygg og anlegg eller tilsvarande
  • Erfaring med prosjektleiing
  • God til å kommunisere på norsk både munnleg og skriftleg
  • Manglande formell utdanning kan kompenserast med relevant erfaring

Dette får du hjå oss:

  • Ein spennande og meiningsfull jobb bidra til samfunnsnyttige løysingar.
  • Eit godt arbeidsmiljø trivelege og dyktige kollegaer som deler kunnskap og erfaring.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling kurs, opplæring og etterutdanning.
  • Ein fantastisk plass å bu og jobbe kombiner ein spennande karriere med friluftsliv og høg livskvalitet i vakre Sogndal.

Kvifor søkje denne stillinga?

  • Gjer ein forskjell du blir ein nøkkelperson i arbeidet med reint vatn og gode avløpsløysingar for innbyggjarane våre.
  • Varierte og utfordrande oppgåver; kombiner planlegging, prosjektleiing og praktisk oppfølging.
  • Eit sterkt fagmiljø du blir ein del av eit inkluderande og kompetent team som deler kunnskap og erfaringar.

Har du spørsmål?

Kontakt avdelingsleiar Torgeir Bang på telefon 900 21 120.

Me gler oss til å høyre frå deg!

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Stillingsinfo

Frist23. mars 2025

Kontaktperson

Torgeir Bang

Avdelingsleiar


Stillingstyper

Fast ansettelse,Ledelse,Offentlig

Industrier


Se flere stillinger fra Sogndal kommune

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.

Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.