Fristen for annonsen har gått ut

Automatiker/ Elektriker

Me satsar på ny teknologi, og styrkar laget innan automasjon og elektro

Eide FjordbrukBergen14. mai 2023
Søk her

Kontaktperson

Lena Bekken

HR-ansvarleg

lena.bekken@efb.no

Gjennom teknologi vil me revolusjonere næringa, og korleis me produserer berekraftig sjømat for vår- og framtidas generasjonar. For å få det til treng me dyktige kollegaer med på laget.

Eide-gruppa er ei tredje generasjons familieeigd verksemd. Me har ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk, og har fleire satsingar der berekraft og teknologi står i fokus. Våre største satsingar hittil er på trappene. I tida framover kjem me til å ta i bruk ny teknologi og skape endring både i verksemda og næringa me er ein del av. Saman skal me realisere draumen om å drive oppdrett på ein måte der ein beskyttar laksen frå lakselus, samlar opp slam og har ekstra barriere mot rømming.

Om stillinga

Som Automatikar/Elektrikar i Eide Fjordbruk vil du arbeide med eit bredt spekter av oppgåver innan automasjon og elektro. Du vil delta i innovative prosjekt, og bidra til å sikre god drift av verksemdas tekniske anlegg. Stillinga rapporterer til leiar for automasjon og elektro. Saman skal me sette standarden for framtidas havbruk.

Arbeidsoppgåver inkluderer:

  • Oppfølging og vedlikehald av teknisk anlegg i WaterMoon og Eide Fjordbruk
  • Delta i utvikling, test og installasjon av nye teknologiar
  • Planlegging og gjennomføring av varierte og fagleg utfordrande prosjektoppgåver
  • Oppfølging av eksterne servicepartnarar
  • Utarbeide dokumentasjon/prosedyrar
  • HMS og forbetringsarbeid
  • Støtte driftsorganisasjonen med din fagkompetanse

Arbeidsstad

Hovudaktivitet vil bli ved våre lokalitetar i Hardangerregionen, men noko reiseaktivitet til andre anlegg og lokalitetar i konsernet må påreknast i stillinga. I tillegg til arbeid ved anlegga vil du òg ha disponibel arbeidsplass både i Bergen og i Eidestøa i Hålandsdalen ved behov.

Ynskte kvalifikasjonar

Me ser etter deg som har fagbrev innan automasjon/elektro, men gjerne òg deg som har teknisk fagskule eller ingeniørutdanning i tillegg.

I tillegg er det ein fordel, men ikkje krav med erfaring innan ein eller fleire av desse områda:

  • Havbruk, industri eller maritim næring
  • PLS, HMI/Scada løysingar
  • IT og nettverk
  • Kamera og sensorteknologi
  • Prosjektdeltaking

Personlege eigenskapar

  • For å lykkast i rolla er det viktig at du:
  • Er strukturert, sjølvstendig og ansvarsfull
  • Har god gjennomføringsevne
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsegenskaper
  • Er engasjert og kreativ
  • Er innovativ og framoverlent
  • Har god prosess/systemforståing

Me tilbyr

Hos oss vil du arbeide med høgteknologi innan havbruk, og ditt fagfelt vil vere heilt sentral for verksemdas framtidige suksess. I Eide kjem du inn i ei verksemd som vil og får til. Me tør å satse, både på visjonar og på folk.

Me har eit motto: «Det viktigaste er å ha det gøy». Me har eit veldig godt arbeidsmiljø der du får faglege utfordringar og kjem til å ha det kjekt på jobb. I rolla vil du bli kjent med kollegaer i alle våre regionar.

Din kompetanse og ditt bidrag vil vere veldig viktig for verksemdas framtidige vekst og drift. Du vil også vere med på å skape ei meir berekraftig framtid.

Me har fokus på mål og gjennomføring, og kan tilby fleksibel arbeidstid i ein fast 100 % stilling. I tillegg har me gode forsikringar og pensjonsordning.

Søknadsinformasjon

Me ynskjer deg velkommen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokumenter. I tillegg oppfordrar me deg til å sende inn ein kort video der du fortel:

  • Kort om deg og din bakgrunn
  • Motivasjonen din for rolla
  • Kva dine styrker er inn i rolla

Om du har spørsmål knytt til stillinga eller rekrutteringsprosessen, ta gjerne kontakt med HR-ansvarleg Lena Bekken: lena.bekken@efb.no tlf. 913 16 623

For meir informasjon om selskapet, sjå på våre nettsider: www.efb.no

Stillingsinfo

Frist14. mai 2023

Kontaktperson

Lena Bekken

HR-ansvarleg


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Eide Fjordbruk

Me ser ei framtid der befolkningsvekst og auka fokus på helse og klima gjer at berekraftig sjømat vil bli stadig viktigare. For å møta morgondagens behov vil me utvikla ny teknologi som sikrar miljøvennleg, trygg og sunn sjømat for kommande generasjonar.

Eide har vore, og er framleis, blant pionerane i utviklinga av næringa. Men me skal lenger. Me har ein visjon om å sette standarden for framtidas havbruk, og etableringa av Eide Sustainable Marine Technologies er eit av fleire viktige steg for å nærme oss denne visjonen.

Eide Sustainable Marine Technologies er ein sjølvstendig prosjektbasert organisasjon som skal arbeide for å finna og utvikla løysningar for framtidas havbruk. Dette skal me gjere gjennom innovasjonar og teknologi som speler på lag med dei naturgitte forholda i fjord og sjø. For å få det til treng me ein industridesignar med på laget.