Fristen for annonsen har gått ut
Automasjonsingeniør
Me satsar på ny teknologi, og styrkar laget innan automasjon
Kontaktperson
I Eide satsar me på ny teknologi, og styrkar laget innan automasjon og elektro.
Gjennom automasjon vil me revolusjonera næringa, og korleis me produserer berekraftig sjømat for vår og framtidas generasjonar. For å få det til treng me dyktige kollegaer med på laget.
Eide-gruppa er ei tredje generasjons familieeigd verksemd. Me har ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk, og har fleire satsingar der berekraft og teknologi står i fokus. Våre største forretningssatsingar hittil er på trappane. Saman skal me realisere draumen om å drive oppdrett på ein måte der ein beskyttar laksen frå lakselus, samlar opp slam og har ekstra barriere mot rømming. For å få det til treng me ein automasjonsingeniør med på laget.
Om stillinga
Som automasjonsingeniør hos oss vil du arbeide med høgteknologi innan havbruk. Du vil følgje teknologiutviklinga i næringa, og vere vår fremste spesialist på kontroll, overvaking og styring i vår WaterMoon-teknologi. Du vil delta i større prosjekt for nyvinningar, og bidra til å sikre god drift av verksemdas tekniske anlegg. Du vil vere eit viktig bindeledd i satsinga og bidra både i prosjekt- og utviklingsteamene rundt WaterMoon-teknologien. Stillinga rapporterer til leiar for automasjon og elektro. Saman skal me sette standarden for framtidas havbruk.
Arbeidsoppgåver inkluderer:
- Delta i utvikling av nye og eksisterande produkt/løysingar
- Ansvar for å leie og følgje opp underleveransar på automasjonsområdet knytt til teknologien
- Engineering av kontrollsystem, inklusiv instrumentering og kommunikasjonsnettverk
- Programmere PLS/Scada for overvaking, kontroll og måling av akvakultur i verksemdas teknologisatsingar
- Delta ved oppstart og testing av nye system
- Gje brukarstøtte og bidra til drift/utvikling i eksisterande system
- Konfigurere og integrere programvare for innsamling, behandling og visualisering av akvakultur-data
- Oppdatere teknisk dokumentasjon og prosedyrar for automasjon og Scada-programvare
Arbeidsstad
Du vil ha disponibel kontorplass både i Bergen og i Eidestøa i Hålandsdalen. Arbeidsstad vil i stor grad vere prega av dei prosjekta og behova som oppstår, og noko reiseaktivitet må derfor påreknast i stillinga.
Ynskte kvalifikasjonar
- Bachelor eller master i automasjon eller programmering, eller teknisk fagskule med relevant fagbrev
- Erfaring med PLS, HMI og Scada løysingar
- Relevant erfaring innan automasjon og produktutvikling, gjerne også erfaring med oppfølgjing av unerleverandørar
- God kunnskap om parametersetting, oppstart og feilsøking av frekvensomformarar og instrumentering
- God kommunikasjonsevne på norsk og engelsk
Det er òg ein fordel, men ikkje eit krav om du har:
- Erfaring frå prosjekt/team leiing
- Kjennskap til OT- og IT-strukturering
- Erfaring med teknisk teikning
- Kunnskap om følgjande protokollar/teknologiar: MQTT, Sparkplug B, OPC UA, Ignition, Codesys, Aveva/Wonderware, Unified Namespace
Personlege eigenskapar
For å lykkast i rolla er det viktig at du:
- Er strukturert, sjølvstendig og ansvarsfull
- Har god gjennomføringsevne
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsegenskaper
- Er engasjert og kreativ
- Er innovativ og framoverlent
Me tilbyr
Hos oss vil du arbeide med høgteknologi på sjø, og ditt fagfelt vil vere heilt sentral for verksemdas framtidige suksess. I Eide kjem du inn i ei verksemd som vil og får til. Me tør å satse, både på visjonar og på folk. Fagmiljøet i verksemda er i dag lite, men i sterk vekst. Dette gjer at du vil ha veldig gode mogelegheiter for vekst og utvikling hos oss.
Me har eit motto: «Det viktigaste er å ha det gøy». Me har eit veldig godt arbeidsmiljø der du får faglege utfordringar og kjem til å ha det kjekt på jobb. Som tilsett i Eide Fjordbruk vil du komme inn i ei verksemd med stor grad av utvikling og innovasjon, og du vil vera med på å skapa ei meir berekraftig framtid.
Me har fokus på mål og gjennomføring, og kan tilby fleksibel arbeidstid i ein fast 100 % stilling. I tillegg har me gode forsikringar og pensjonsordning.
Søknadsinformasjon
Me ynskjer deg velkommen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokumenter. I tillegg oppfordrar me deg til å sende inn ein kort video der du fortel:
- Kort om deg og din bakgrunn
- Motivasjonen din for rolla
- Kva dine styrker er inn i rolla
Om du har spørsmål knytt til stillinga eller rekrutteringsprosessen, ta gjerne kontakt med HR-ansvarleg Lena Bekken: lena.bekken@efb.no tlf. 913 16 623
For meir informasjon om selskapet, sjå på våre nettsider: www.efb.no
Me ser ei framtid der befolkningsvekst og auka fokus på helse og klima gjer at berekraftig sjømat vil bli stadig viktigare. For å møta morgondagens behov vil me utvikla ny teknologi som sikrar miljøvennleg, trygg og sunn sjømat for kommande generasjonar.
Eide har vore, og er framleis, blant pionerane i utviklinga av næringa. Men me skal lenger. Me har ein visjon om å sette standarden for framtidas havbruk, og etableringa av Eide Sustainable Marine Technologies er eit av fleire viktige steg for å nærme oss denne visjonen.
Eide Sustainable Marine Technologies er ein sjølvstendig prosjektbasert organisasjon som skal arbeide for å finna og utvikla løysningar for framtidas havbruk. Dette skal me gjere gjennom innovasjonar og teknologi som speler på lag med dei naturgitte forholda i fjord og sjø. For å få det til treng me ein industridesignar med på laget.