Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Automasjons­ingeniør

Automasjonsingeniør for prosjektering av automasjonsanlegg

Statens vegvesenBodø10. januar 2024
Søk her

Kontaktperson

Fredrik Askjer

Seksjonsleiar

fredrik.askjer@vegvesen.no

Nøkkelord

ProsjekteringAutomasjonEkomElektroautomasjonModellbasert planlegging

Om stillinga

Statens vegvesen har mange utfordrande oppgåver innanfor elektrofaget!

Med eit tungt belasta hovudvegnett og eit stadig aukande tal tunnelar, er fokuset retta mot ei sikker avvikling av trafikken. Dette blir mellom anna løyst gjennom avanserte styrings- og overvakingssystem, som er baserte på ein god elektroinfrastruktur langs vegnettet. Statens vegvesen har ansvaret for å planleggje, prosjektere, setje i verk og drifte både infrastrukturen og systema. Vi er byggherre og vegeigar av riks- og europavegar.

Statens vegvesen Drift og vedlikehald er organisert i ein landsdekkjande divisjon.

Ei av avdelingane er Fagressurs. Stillinga er innanfor elektrofaget for prosjektering og bygging av nye vegstrekningar og dessutan rehabilitering av ulike automasjonsinstallasjonar på eksisterande vegnett. Fagressurs elektro prosjekterer elektro og automasjonsanlegg i heile landet.

Kontorstad vil fortrinnsvis vere i Bodø eller Leikanger, men andre lokasjonar kan og bli vurderte.

Arbeidsoppgåver

Stillinga omfattar å prosjektere automasjonsanlegg. Det er også aktuelt å hjelpe til i prosess skildringar og utvikling av kvalitetssystemet innan automasjonsfaget.

Statens vegvesen skal vere innovativ og ta i bruk ny teknologi. Det blir satsa mykje på digitalisering og modellbasert planlegging. Det kan og vere aktuelt å delta i pilotprosjekt for å ta i bruk ny teknologi.

Oppgåvene kan og omfatte oppfølging av eksterne rådgivarar og dessutan oppfølging av prosjekt i byggjefase.

Det blir gitt gode moglegheiter for å delta i påverknaden i val av løysingar i samarbeid med dyktige kollegaer og prosjektleiarar.

Kompetansekrav

Du må ha:

Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, min. 3 år. Omfattande og relevant erfaring innanfor fagområda automasjon/Ekom kan kompensere for manglande formell utdanning.

God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne og førarkort kl. B.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av papira og godkjenninga dine frå HKDIR (https: hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

I tillegg vil vi leggje vekt på at du:

  • Har interesse for ny teknologi
  • Tek initiativ, jobbar sjølvstendig og liker å løyse utfordrande oppgåver
  • Har gode samarbeidsevner
  • Har fagbrev automasjon
  • Har erfaring innan BIM/3D modellering

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt seksjonsleiar Fredrik Askjer på fredrik.askjer@vegvesen.no

Stillingsinfo

Frist10. januar 2024
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Fredrik Askjer

Seksjonsleiar


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.