Fristen for annonsen har gått ut

Akustikar

Er du vår nye rådgjevar i akustikk?

Norconsult ASVoss31. august 2023
Søk her

Kontaktpersoner

Frode Atterås

Avdelingsleiar for Voss-Norheimsund

Tormod Kvåle

Gruppeleiar i akustikk

Fagmiljøet vårt innan akustikk består av omlag 30 rådgjevarar i Norge og like mange i Sverige. Seks av desse har kontorplass på Voss, og me ynskjer å styrkja dette miljøet for å dekkja den stadig aukande etterspurnaden på Vestlandet og i resten av landet.

Me er i dag 17 medarbeidarar på Voss, og har store ambisjonar om vidare vekst. Akustikk er eit viktig satsingsområde, og me ynskjer å verta ca. ti akustikarar på Voss i løpet av tre år. Voss er ein del av eininga Hardanger og Voss med ca. 50 medarbeidarar på kontorplassane Norheimsund, Odda, Eidfjord, Rosendal og Voss. Norconsult byr på varierte oppgåver som gjev gode høve for karriere i inn- og utland.

Du vil vera medarbeidar i små og store oppdrag i samband med prosjektering, lydtekniske berekningar/teoretiske analysar, samt lydmålingar i felt. Du vil også delta i tverrfaglege team og løysa dei utfordringane som me til ein kvar tid har påteke oss.Som tilsett i Norconsult vil du delta i vårt faglege nettverk innan akustikkrådgjeving, der me utvekslar fagleg kunnskap, arbeidsmetodar og verktøy på tvers av kontor innanfor i organisasjonen. Som kompetansedelingstiltak vert det arrangert blant anna fagseminar og videokonferansar om utvalde tema.

Det er og høgst aktuelt å tilsetja studentar som vert ferdige sommaren 2024.

For oss er det viktig at du

  • Har bachelorgrad eller høgare innan akustikk eller andre relevante fag som til dømes lydteknikk, elektronikk, geofysikk, fysikk eller anvendt matematikk.
  • Helst relevant erfaring, men det kan og vera aktuelt med nyutdanna eller personar med anna bakgrunn.
  • Har interesse og engasjement for faget.
  • Har gode samarbeidsevner.
  • God evne til både skriftleg og munnleg framstilling på norsk.
  • Har førarkort klasse B eller har planar om å ta det.

Hjå oss får du:

  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Bonus knytta til selskapet sine resultat
  • Aksjeprogram
  • Opplæring i eit sterkt, lokalt fagmiljø
  • Store faglege utfordringar der du kan utvikla deg gjennom spennande prosjekt saman med flinke kollegaer
  • Aktivt fagnettverk med jamlege samlingar
  • Godt arbeidsmiljø fundamentert på ein sterk bedriftskultur
  • Fokusering på kompetanse- og personalutvikling
  • Studieturar, ulike sosiale arrangement, firmahytter mm
  • Trivelege lokale med felles kantine
  • Fri i jola og påskeveke. Sju timar arbeidsdag om sommaren.

Voss:

På Voss kan du dyrka dine fritidsinteresser i to av Noreg sine største alpinanlegg eller i oppkøyrde langrennsløyper. Her kan du gå på fjellet, jakta, fiska eller driva med ekstremsport. Me har eit rikt kultur- og aktivitetstilbod med blant anna Vossajazz og Ekstremsportveko. Voss er ein god plass å bu med korte avstandar og mange gode og trygge møteplassar.

Innsending av søknad:

Søknad med CV, vitnemål og attester kan sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider. Søknadane vert vurdert fortløpande.

Ta gjerne uforpliktande kontakt med gruppeleiar i akustikk Tormod Kvåle tlf. +47 957 54 615 eller avdelingsleiar for Voss-Norheimsund Frode Atterås tlf. +47 924 07 688.

Norconsult utviklar me morgondagens samfunn ved å kombinera ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse. Me har en heilskapleg tilnærming med utgangspunkt i lokalt nærvær og tverrfagleg kompetanse og samarbeid. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med formålet «Kvar dag betrar me kvardagen», søkjer me stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysningar. Me har 5 900 medarbeidarar fordelt på rundt 130 kontor, hovudsakleg i Norden. Kvart år løyser me tusenvis av små og store oppdrag for private og offentlege kundar, innan blant annet bygg og eigendom, samferdsel, arkitektur, fornybar energi, vatn og avløp, industri, sikkerheit, miljø og IT.

Stillingsinfo

Frist31. august 2023
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktpersoner

Frode Atterås

Avdelingsleiar for Voss-Norheimsund

Tormod Kvåle

Gruppeleiar i akustikk


Stillingstyper



Se flere stillinger fra Norconsult AS

Norconsult er et ledende nordisk rådgiverselskap som kombinerer ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse i små og store prosjekter for både privat og offentlig sektor. Vi jobber innen blant annet infrastruktur, energi og industri, bygg, eiendom og arkitektur. Med formålet «Hver dag forbedrer vi hverdagen» utvikler vi bærekraftige, effektive og samfunnsnyttige løsninger gjennom nyskaping og innovasjon.

Med hovedkontor i Sandvika og rundt 7 200 medarbeidere fordelt på over 140 kontorer i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi sterk tverrfaglig kompetanse med lokal tilstedeværelse.

I Norconsult er likeverd og mangfold en grunnleggende forutsetning. Vi ønsker et arbeidsmiljø der alle har like muligheter til å utvikle seg og nå sitt fulle potensial, uavhengig av bakgrunn eller identitet. Ulike perspektiver gjør oss bedre rustet til å forstå samfunnet, løse oppdragene våre og skape innovative løsninger. Derfor ønsker vi søkere med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.