Stillinger hos Stryn kommune

Stryn kommune
Stryn kommune har 7.153 innbyggjarar, der omlag 2500 bur i Stryn sentrum. I sentrum finn du alt du treng av handels- og servicetilbod, helsesenter, vidaregåande skule, offentlege kontor, kulturhus med symjehall, idrettshallar, idrettsbaner og det meste anna du treng for å leve eit godt liv.
Stryn ligg lengst inne i Nordfjord, lengst nord i Vestland fylke, og er eit eldorado for spennande aktivitetar både sommar og vinter. Området er eit vandremekka med fleire hundre merka turløyper i variert natur over heile kommunen.
I Stryn finn du gode stadar å bu, barnehagar, skular, handelstilbod, spennande bedrifter og eit rikt lag- og organisasjonsliv rundt om i heile kommunen.
Vi er opptekne av å vere eit inkluderande lokalsamfunn der alle kan kjenne seg heime. Vi tilbyr tenester innan eldreomsorg, oppvekst og fritid, sosiale tenester og helse. Målet vårt er å skape god livskvalitet for alle innbyggjarane. Vi legg vekt på innbyggjarmedverknad, og tenestene våre skal vere tilpassa dei behova du som innbyggjar har.
Det er for tiden ingen ledige stillinger.