Stillinger hos Digitaliseringsdirektoratet

Digitaliseringsdirektoratet
Digitaliseringsdirektoratet skal vere regjeringas fremste verktøy for raskare og samordna digitalisering av offentleg sektor. Vi har eit spesielt ansvar for utvikling, drift og oppfølging av nasjonale felleskomponentar og funksjonar, som mellom anna ID-porten og MinID, og koordinering og utvikling av interne og eksterne IT-system i dei andre fagavdelingane i direktoratet. Døme er nettsider som Digdir.no og Anskaffelser.no. Direktoratet er også tilsyn for universell utforming av ikt.
Digitaliseringsdirektoratet si avdeling i Leikanger har ansvar for forvalting og utvikling av dei nasjonale felleskomponentane.
I direktoratet er det eit stort utviklingsmiljø og utviklarane har eit stort spenn i arbeidsoppgåver, noko som gir gode mulegheiter for personleg utvikling. Vi legg vekt på smidig arbeidsmetodikk og effektive og hurtige leveransar. Vårt utviklingsmiljø har stor fagleg tyngde og spisskompetanse innen våre fagområde både nasjonalt og på europeisk nivå. Vi likar å vere best.
Våre tilsette er nysgjerrige og utforskande innan teknologi og metodikk, og evnar å sjå korleis det kan nyttast i våre løysingar.
I tillegg til spennande faglege utfordringar kombinerer vi fleksibelarbeidstid med fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø. Med eit ungdommeleg studentmiljø og mange spennande fritidstilbod er Sogn ein attraktiv stad å bu.
Det er for tiden ingen ledige stillinger.